I går kveld fekk eg fortsatt å jobba litt på nesta soverommet…
Da er jo to rom som ikkje er ferdige, men som kanskje skal bli det om ikkje så alt for lenge…. -dei skal gjerast samtidig sånn at eg får alt elektriker arbeidet gjort på ein gang…
No er da blitt så pass lyst ute at eg rekke noken tima jobbing uten lamper og lys…. -for det er utfordringen når rommene ikkje har strøm…
Golvlistene kunne gjenbrukast på dette rommet, og eg slepp å riva ned taket også heldivis…. -eg har fjerna den porøse huntonitten frå eine ytter veggen og tenke eg skal fjerna på den andre også…
Da blir nok ein tapetvegg i dette rommet også + tapet i skråtaket…
Utlekking (innlekting) -og isolasjon på ytterveggene og så må eg lekte på andre veggen og for å få på plass trekker rør og koblingsbokser til skjult strøm…
Eg må behandla golvet og… -bruka då osmo voks i to strøk…først med farge og så med hard voks…. Desse stinka noke fryktelig og er heilt sikkert ikkje spesielt sunne å lukta på… -så eg får gjera det når eg ikkje skal vera heima så mykje..
Idag har sola vore framme og eg hadde lunch pausen på ein benk utanfor jobben… -fantastisk nydelig å berre sitta å kjenna på varmen frå sola i fjeset og nyta matpakken og ei appelsin…
I hagen min er snøklokkene nesten ferdige, krokusen blomstrar har dukka opp over alt i år også…
Da blei ein tur rundt Vinnes vatnet i kveldingen, -for å sjå om eg fekk orden på nyaste vondter min..
Eg greide å ramla ned trappo her for noken måneder siden og slo meg jo skikkelig både her og der…. -da var ribbebein og noken tær som var verst i starten, men no har eg fått ordentlig vondt i halebeinet…. -og da kjennes nesten som eg har fått et snev av bekkenløsning…
Men eg satsa jo på at da går seg til ( og forsvinne) etter kvart…
No må eg vist ta ein tidlig kveld, -da har vert lange dagar og litt mykje å tenka på dei siste vekene... -så da kan vera greit å komma seg i seng i skapelig tid…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar