Då er enda ei jobbehelg ferdig jobba, -og eg kjenner meg lett fortumla etter alle timane i jobbemodus…
No skal rutinane for normal livet hentas tilbake igjen… -og snu operasjonen tilbake til normalen er som vanlig litt seig…
Sola skin i dag og heldigvis, men da frys på natta så da er noke kaldt til å gjera så mykje utearbeid enda…
Småfuglene har begynt med sine vårforberedelsa og da er heilt nydelig å våkna opp til fuglekvitter igjen…
Fredag var eg ute å brente materialene eg har fjerna på rommet, så det er no snart klart til å begynne å bygga det og opp igjen…
Først må eg bera ned og ut to skuffeseksjoner frå gamla kjøkkenet, dette rommet brukte eg til bod så dei to blei då bært opp. Eg trur eg måtte skru dei sund for å greia den jobben, og det var jo i 2018🫣
Så no fleire år seinare (og etter å ha ramla ned trappa) så grua eg meg litt til å ta fatt på det…
Eg bruka kanskje veker på å tenka «dette blir for tungt» -så tar heile prosessen berre noken minutt og går heilt super fint når eg først bestemmer meg…
Sånn er det blitt med mange av opp pussings oppgåvene eg holder på med no for tida…
Eg er først sliten og kjenner at eg slett ikkje orkar, so blir eg irritert på meg sjøl, og til slutt tar viljen til å få ting gjort over… -og då har eg plutselig orka likevel…
No har 4 timer gått til «sløvemodus», få på ein klesvask, ta noken telefoner og fiksa litt andre ting…. -så no muligens er da håp om å begynne å virka litt…
Næ…-da vart mykje meir fristande å henga i denne… -å nyta ro og fred og sol i fjeset😎